tirsdag 23. november 2010

Hausten som går så fort

I går studerte eg globusen, og då gjekk det opp for meg at vi faktisk skal reise jorda rundt, heilt bokstavleg. Det er stilig! Derimot, skjønar eg ikkje heilt at det berre er nokre få veker til den store reisa er i gang. Det er mykje som skal skje før den tid, men heldigvis er også nokre av førebuinga i boks.

Dette er nokre av dei tinga eg HAR gjort:
Teke vaksine
Bestilt visum for Australia og USA
Betalt reiseforsikring
Skaffa meg money-belt (nymotens rompetaske til pass og andre viktige ting)

Lista over ting eg IKKJE har gjort, er nok lengre, men den vil eg ikkje publisere. Denne hausten har nemleg gått så fort! Ein skulle kanskje tru at Reksta er ein av dei stadane der tida går litt saktare, men sånn er det altså ikkje. I hovudsak har denne hausten gått med til jobbing på Florø Barneskole, men sjølvsagt har eg også fått tid til andre kjekke ting.

I august var eg i Sandnes hos Søstrene Sisters. Planen var å få ein pangstart på førebuingane,og det fekk vi! Ambisiøse som vi var, googla vi i vei etter overnattingsstader, reisemål, aktivitetar og leigebilar. Ei inspirerande helg! 

Vi laga også eit oversikteleg skjema over heile reiseruta...
I oktober kom også Line på besøk til meg. Det var stas! Vi fekk både planlagt turen, og tilfredsstillt våre sosiale behov. Line fekk også oppleve litt kystkultur, i form av kajakkpadling.

 


Padling har i grunn blitt den nye favoritten denne hausten. Anbefalast!

No har også eg debutert i bloggverda. Oppdateringar følgjer, så følg med!

Klem frå Lina

søndag 21. november 2010

Planleggingsprosessen

Lina, Line og Marie legger ut på reis like over nyttår. Vi har derfor opprettet denne bloggen, slik at vi kan holde alle dere nysgjerrige sjeler her hjemme oppdatert på hva vi bedriver tiden vår med ute i den store verden! 

Vi liker å tro at planleggingsprosessen er godt i gang, men det er vel kanskje å ta litt hardt i. Turen nærmer seg nemlig med stormskritt og vi har MYE å gjøre. Mer enn vi aner. 
Men det ordner seg! Det viktigste er jo i orden, nemlig flybillettene. Resten tar vi som det kommer og satser på at ting går vår vei.

Vi forlater Norge 1. januar 07.40. Med andre ord vil nyttårsaften bli tilbragt i Oslos gater eller på Gardermoen. Med mindre noen har en nøkkel til låns... 

Har du vært noen av stedene vi skal? Har du tips til ting å gjøre, se eller smake? 
Tips tas i mot med takk! (Les: penger) 

Vi gleder oss veldig veldig mye og teller ned dagene ved hjelp av en reisepakkekalender (Line og Marie) fra og med 1. desember!