torsdag 19. mai 2011

Hiv o' hoi!

Etter fem supre dagar på Caye Caulker reiste Lina og Line på tokt med seglebåten Ragga Queen. Vi la frå kai fredags morning, fullasta med folk, snorkleutstyr, solkrem, mat og rompunsj, klar for eit tre dagars eventyr sørover mot Placencia. Med på turen var det ein kaptein, ein snorkleguide, ein kokk og mange kjekke folk frå heile verda.
Line og vår islandske venn Svava har kvalitetstid på dekk.
Første stopp på turen var ein plass der ein vanlegvis kan sjå mange manatees, eller sjøku på godt norsk. Og vi var kjempeheldige og fekk studert den 600kg tunge dyret på berre nokre meters avstand. Flaks for oss er dei vegetarianarar, og som andre kyr et dei stort sett gras! Etter den fantastiske snorklinga var det lunsj på dekk i form av nygrilla kylling og ris. Deretter fortsatte vi med å sole oss, lese eller fiske medan vi putra oss sørover.
Her blir middagen sikra....
Båten var for liten til å sove i, så første natta ankra vi opp ved ei bittelita øy midt ut på havet. Her tok vi ein dukkert i solnedgangen før vi fekk servert god middag, supplert av rompunsj. Det var fri flyt av ei kanne med minst 15 liter punsj, så vi skulle ikkje tørste i alle fall… Etterpå satt vi rundt bålet og hørte på røverhistorier og grilla marchmellows. Når bålet var utbrent fann vi ut at det var meir fristande å sove rett på sanden enn i teltet. Så vi fekk ei magisk natt under ein stjerneklar himmel til lyden av bølgeskvulp og palmesus og sand mellom tærne.


Land i sikte!

Ragga Queen i solnedgang.
Neste dag vokna vi til ein grytidlig soloppgang, og fekk servert skikkelig frokost før vi pakka oss i båten igjen. Også i dag stod soling, bading, snorkling og fisking på programmet, berre avbrutt av diverse matpauser. Revet som vi snorkla på er verdens nest største, og det er som å svømme i eit akvarium. I tillegg til fine korallar og fargerike fiskar fekk vi i dag og sjå mange eagleray og ei lita søt skilpadde.
1, 2, 3 hopp!
Livsnyting :)
Denne natta sov vi på ei lita, men bebudd øy. Og til Line si store begeistring hadde dei volleyballnett, og ikkje minst mange ivrige spelarar her! Til middag var det sjølvfiska barracuda, og det var også klart for del to av rompunsjdrikkinga, då det framleis var mange liter å ta av. Etter middag spelte nokre av dei lokale på trommer for oss, og festen var i gang!
Rompunsjen får bein å gå på...

Siste dag var det om å gjere å nyte dei siste timane av sjørøverlivet mest mogleg. På ettermiddagen la vi til kai i Placencia kor vi alle skulle ulike vegar.

2 kommentarer:

  1. Jeg er målløs.... i alle fall nesten!

    Nå er jeg veldig klar for å treffe dere igjen! .... sa Mamma

    SvarSlett
  2. Guri, så misunnelig eg er! Du må pitla deg te Sand i sommar, Line! :)

    -Mari

    SvarSlett