mandag 14. mars 2011

Byron Bay og Surfers Paradise

Byron Bay er ein liten, sjarmerande by full av hippiar, surfarar og turistar. Før vi kom hit hadde vi store ambisjonar om å surfe kjempemasse, då dette virkelig er eit surfeparadis! Men det begrensa seg til ei fire timers økt i skumle bølger som førte til ein liten knekk på surfesjølvtilliten…
IMG_7341
Ellers har vi gått tur til det austlegaste punktet i Australia, vore på dagstur i hasj og hippiebygda Nimbin, sola oss (og blitt solbrent…), vore på Farmers Market, testa utelivet og stått opp klokka 6 for å ta bilder av soloppgangen.
IMG_7277   IMG_7313    IMG_7387  IMG_7474
Etter ca ei veke i Byron Bay, pakka me sekkane og sat oss på bussen til Surfers Paradise. I motsetning til Byron, er dette ein skikkelig by full av høge bygningar og enda fleire høge bygnigar.  Her var me så heldige og få overnatta hos Eileen og Rasmus, som me studerte saman med i Bø. Dei bur i toppen av ein 22-etasjers bygning rett ved stranda, så her fekk me god oversikt over byen!
IMG_7510
I Surfers hadde me kun eit mål for auge, nemlig Dreamworld! Dette er ein fornøyelsespark som Marie har sikla etter sidan ho var her nede for 1,5 år sidan, så det var ingen vei utenom. Det blei ein underholdande dag; i tillegg til å få testa ulike fartsfylte fartøy både til vanns og lands, fekk me også mata kenguruar og sett koala og krokodille!

Det var en rask visitt innom Surfers, og nå har me komme oss opp til Brisbane kor me skal væra i to dagar før me hentar campervanen og cruisar nordover. Me gledar oss! Smilefjes

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar