Morningen etter hadde vi fått tilbud om å surfe klokka 05.30. Gira og optimistiske drog vi oss ut av senga klokka fem, for å oppdage at det framleis var bekmørkt, det pøsregna, tordna og lynte, og ingen av instruktørane såg ut til å vere våkne. Litt skuffa (og litt letta) la vi oss til å sove igjen. Halv sju vart vi igjen vekt, og denne gongen var det alvor! Vi trossa all sunn fornuft og sprang i pøsregnet ned til stranda under ein himmel som var opplyst av lyn. Bølgene var no enda tøffare enn dagen før, så det vart mykje strev og lite surfing, men likevel ein fantastisk opplevelse!
Etter ein god frokost sat vi oss i den kule rosa Mojobussen og sette kursen nordover mot Spot-X, kor vi skulle vere i tre dagar (Where is Spot-X? If we told you, we’d have to kill you…). Det viste seg at Spot-X er ein masse større camp med mange fleire folk, så vi sakna litt den intime atmosfæren på Crescent. Likevel var det ingen grunn til å deppe, og vi fekk i alle fall tilfredsstilt behovet for å henge med andre nordmenn for ei god stund framover. Vi fekk vår eigen “norskegjeng”, og det var deilig å kunne snakke norsk, le av norsk humor og ikkje minst holde oss oppdatert på VM!
Etter sju surfetimar (så godt som alle i regn) har vi ikkje akkuratt blitt proffe surferar, men vi har i alle fall
skaffa oss eit godt grunnlag slik at vi kan fortsette progresjonen på surfeskillsa våre i Byron Bay!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar