søndag 27. februar 2011

Going Aussie

-with footie, BBQ & kangaroos in the wild

Vi blir stadig meir integrert i den australske kulturen! Dei siste dagane har vi blant anna vore på australsk fotballkamp –”footie”, shoppa på Chapel Street, drukke øl på Brunswick Street, hatt BBQ, og ikkje minst sett sprett levande kenguruar.

IMG_6911
Marie drøymer om korleis leiligheta i Oslo skal innredast 
IMG_6907
Hattifnatt 
Torsdag inviterte Dion og ein kompis oss med på footie-kamp. Australia har sin eigen heilt spesielle måte å spele fotball på. DeIMG_6931t er 18 spelarar på kvert lag, bana er oval og ballen blir både slått og sparka. I tillegg til dei 36 spelarane på bana har ein og ni dommarar og X antal budbringerar og drikkepersonell som spring rundt på bana til ei kver tid. Målet består av fire høge stenger som ballen skal treffe mellom, og helst i midten då det gir mest poeng. Vi veit ikkje heilt om dei seriøse supporterane rundt oss satt pris på vår humoristiske tolkning av spelet, men vi fekk i alle fall ledd litt i løpet av dei fire omgangane! Høgdepunktet under kampen var likevel då Dion spanderte meat pie, som er obligatorisk på footie-kamp. Siden Lina hadde bursdag avslutta vi kvelden med ei øl og to på Docklands. Og til og med søstrene Albertsen måtte innrømme at dei likte “Big Helga”, som er Dions favorittøl.

IMG_6927
Legg merke til supporterskjerfa
       
IMG_6925
Laget "vårt", Melbourne FC, tapte desverre med 40 poeng...
 Fredag tilbragte vi nok ein formiddag i ein av Melbournes mange parkar, denne gongen i St. Kilda Botaniske hage. Og på kvelden åt vi deileg indisk mat med Dion og to venner av han, før vi tok ei øl i på Brunswick Street, som er Melbournes hippe utelivsgate.

IMG_6949
Eit filosofisk øyeblikk
Siste dag i Melbourne gjekk med til BBQ ved elva i Warrandyte (Dions lille heimbygd utanfor Melbourne). På menyen stod Kanga Banga (kengurupølse) og kengurubiff. Og dette smakte overaskande godt! Til vårt forsvar er det visst bra forvaltning å ete kengurukjøtt! Etterpå kjørte vi til eit utkikkstårn der vi fekk sjå Skippy i levande live og Melbournes skyline i horisonten. Ei perfekt avslutning på Melbourneoppholdet, før vi satt oss på Greyhoundbussen som frakta oss til Sydney!


IMG_6985
Grillmesteren
IMG_6988
Godt med Kanga Banga i brød!
       

3 kommentarer:

  1. Høtt skjedde med photoshop solbrille-bildet på toppen av sida? Ser ut til at dere koser dere maks i Australia! Det er BRA! Fra Norge kan vi melde om gulljubel i ski VM:) HURRA!!
    Klem fra Bodil

    SvarSlett
  2. Fytti for et herligt liv dokk har! : )
    hadde lett bytta forelesninger og snø mot litt avslapping i parken. God tur vidare!

    og marie: eg likte den lampeskjermen ; )

    Storklem Marta !

    SvarSlett
  3. Ser dere har det hærlig, jenter, og for noen opplevelser; fantastisk heldige! Dere har selv valgt det, tøffe jenter. Artig å følge dere; kjente oss igjen i Bankok; Australia har vært drømmen. Ekne er ikke så verst det, heller,da!! Kos dere videre; topp m/bloggen, så vi nordboere kan følge med på reisa deres. Her er det ski på menyen; NM på Hel og Thom i helga!! Klem

    SvarSlett