tirsdag 8. februar 2011

Chuk mong nam moi!

Frå mandag til fredag levde The Travelling Triplets eit meget roleg og urbant liv i Vietnams hovudstad, Hanoi. Etter ei litt lang reise med mellomlanding i både Qatar og Bangkok, kom vi døgnville og slitne til Hanoi mandag ettermiddag. Det første vi oppdaga var at tempetraturen hadde sunke med sikkert 20 grader i forhold til Tanzania, og det andre var at dei kunne enda dårlegare engelsk her. Så her var det berre å omstille seg til Vietnammodus!

IMG_5616

Dagane i Hanoi vart i hovudsak brukt til å vandre i gatene, og ete på diverse restaurantar og cafear. Hanoi er kjent for sine mange scooterar og aggresive køyrestil, så det kunne vere ganske spennande å krysse gata. Det var òg interessant å sjå kor mykje dei fekk plass til på ein scooter. Familiar på fire var ikkje uvanleg, og heller ikkje eit stort skrivebord, gullfiskar i plastposar eller eit lass med høner.

IMG_5695 
Den veka vi var i Hanoi feira Vietnamesarane nyttår, eller tet som dei kallar det. Dette er ein stor festival som varer i fleire dagar og er som ein folkefest for Vietnamesarane. Onsdag kveld var hovudfeiringa, og vi deltok sjølvsagt! (sia vi faktisk gikk glipp av den norske nyttårsfeiringa). Hostellet vi budde på hadde pub på taket med dobbel happy hour og vietnamesisk mat, etter å ha vore der litt gikk vi ut på byn, og ved midnatt var det fyrverkeri og god stemning! Chuk mong nam moi! (godt nytt år)  

IMG_5805IMG_5807IMG_5809 

Vi kjøpte oss ei kopiert lonely planet bok (med andre ord ei veldig billig utgave) og fekk på denne måten oversikt over dei beste matplassane i byen. Mellom anna var vi innom Fanny, som hadde fantastisk is i alle variantar!

Fredag møtte vi Gap Addventure gjengen som vi no reiser gjennom Laos saman med. Det har vore mykje busskøyring dei siste dagane, i tillegg til mange andre kjekke ting som kjem i eit anna innlegg ;)

3 kommentarer:

  1. MMmmm skjønar du Lina likar deg, når du er komen til is-paradis;)

    SvarSlett
  2. Chuk mong nam moi, my girls!
    MASSE god mat, forstår jeg!
    Ja, dere får det til! Det er SÅÅÅÅÅÅ kjekt å lese!
    Lykke til på ferden videre! Siri-Mam

    SvarSlett
  3. Den isen så jo bare helt fantastisk ut! Dere må kose dere videre :o)

    SvarSlett