onsdag 20. april 2011

Sweet as!

Dei siste seks dagane har The Travelling Triplets brukt meir pengar enn dei har, sett fleire sauer enn mennesker og hatt til tider unormalt høg puls. Med andre ord har vi vore adrenalinjunkisar på New Zealand! 
Vi landa i Auckland onsdag kveld, så torsdagen gjekk med til byvandring og shopping… Lina prøvde å innføre kjøpestopp, men når vi kom over det lokalproduserte ullundertøyet IceBreaker på tilbud, måtte også ho gje tapt. Så her kjøpte alle seg nokre varmande suvenirar, som faktisk har komt godt med i det kjølige haustværet.
Sia vi berre har hatt ei lita veke i dette fasinerande landet, har vi fulgt ein buss som tok oss rundt til alle dei beste plassane og ordna med både aktivitetar og overnatting. Så onsdag morgon cruisa vi avgårde i ein oransj Straybuss, fullasta med med folk og ryggsekkar frå heile verda. Eit av dei første stoppa på vegen var Hot Water Beach. Her kunne ein grave seg ei grop i sanden, og på grunn av vulkansk aktivitet under jorda fylte gropene seg med kokande varmt vatn. Fasinerande og meget behagelig! Etterpå gjekk vi ein tur for å sjå The Cathedral Cove i solnedgangen.
IMG_0655
På Hot Water Bach gravde vi oss kver sine hol til å bade i
IMG_0678
Cathedral Cove var nydelig i solnedgangen
Dagen etter gjekk turen til Raglan, kor surfing stod på programmet. Sidan vi er skikkeleg badass rutinerte surfarar, leigde vi berre brett og våtdrakt og kasta oss ut i dei kalde New Zealandske bølgene. Til tross for ganske kraftig straum og til tider store bølger gjekk det overraskande bra! Også denne gongen manglar vi desverre bildebevis på at vi faktisk av og til befinner oss ståande på surfebretta…  
Fram til dag 3 var aktivitetane enten gratis eller forholdsvis billige. Men på vår jakt etter stadig meir ekstreme opplevingar og heftig adrenalinrus måtte vi til slutt opne lommeboka. Så denne dagen stod “caveing” på agendaen. Iført våtdrakt og gummistøvlar rappellerte vi ned underjordiske fossar, kraup gjennom trange tunnellar og vandra rundt i lyset til hundrevis av glødande makkar (glowworms). På kvelden reiste vi til Maketu og besøkte eit Maorisenter. Maoriane var dei som budde på New Zealand før dei kvite kom og delvis tok over. Så her fekk vi utfordra både dansefoten og språkbeherskelse når vi fekk lære om og ta del i delar av Maorikulturen. 
IMG_8674
Slik måtte vi hilse på alle Maoriane og kverandre. Føltes litt spesielt!
IMG_8705
Vi lærte å danse den tradisjonelle kvinnedansen poi, og hadde framvisning for dei to gutane som var med
  
Etter ei god natt søvn og kulturell input på Maorisenteret var vi klare for nok ein dag med actionfylte aktivitetar. Så for å vaske søvnen ut av augene padla vi oss nedover Kaituna River utanfor Rotorua som reklamerar med verdas høgaste drop (sju meter) i kommersiell samanheng. Team Norge + Amerika og Brasil var lederbåt og kom seg eksemplarisk ned elva. Etter sjumeterdroppet vart vi også redningsbåt, så Line og Lina fekk måle krefer med ein overvektig marokkaner som måtte dragast over bord…  Dagen vart avslutta med eit 47 meter høgt strikkhopp over ei elv. KONGE!
IMG_8646
Stray-bussen og sjåføren vår, Bumper
Siste dagen på bussen reiste vi inn i Ringenes Herre landskap, men fordi vi skulle heile vegen tilbake til Auckland såg vi for oss ein kjedelig dag på bussen. Heldigvis vart det ikkje heilt slik, og vi fekk tilfredsstillt dagens adrenalinbehov. Sjåføren vår hadde nemlig lovt at vi skulle få bade i kaldt smeltevatn. Denne badinga viste seg å vere å hoppe frå ei 5(?) meter høg klippe ned i ein foss…
IMG_8844
Lina i fritt fall i Ringenes Herre landskap (ei scene med Gollum vart spelt inn i denne kulpen!)
Vel framme i Auckland var planen å slå i hel mest mulig tid før vi reiste på flyplassen for å vente på flyet til Samoa som går 06.45. Vi gjekk på kafe, såg tidenes finaste romantiske komedie, “My wedding and other secrets” og åt middag på Burger King (som til vårt forsvar var det einaste som var ope!)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar