onsdag 19. januar 2011

Afrikas lengste motbakke

Då vi var i Arusha delte The Travelling Triplets seg i to reisefølger. Medan Line og Marie drog på safari, reiste eg med Bodil, Ida, Anne Marit og Hilde for å bestige Afrikas høgaste fjell, Kilimanjaro. Gjengen eg reiste med kom direkte frå nyttårsfeiring og strandliv på Zanzibar, noko som viste seg å ikkje vere heilt optimalt. Dei var nemleg prega av både influensa og magesjau, så formen var ikkje heilt på topp.

Turen starta med ein lang busstur til nordaustsida av fjellet, kor Rongairuta startar. Etter litt ompakking og organisering var 21 bærarar, 2 guidear og fem jenter klare for første etappe. Vi hadde no 7 dagar med svette og tårer i vente.


IMG_0769

Kvar dag vart vi vekka med kaffi eller te på senga, før vi kunne vaske fjeset med lunka såpevatn og sette oss til ferdig dekka frukostbord. Der fekk vi mellom anna servert frisk frukt, havresuppe og eggerøre. I mellomtida vart leiren rydda, og bærarane stakk avgårde med dei tunge sekkane våre. Sjølv kunne vi tusle etter i eit meget bedageleg tempo, såkalla “pole pole”. Midtvegs på dagsetappa fekk vi servert lunsj, noko som kom godt med! Vi brukte nemleg ekstremt lang tid på å forflytte oss dei forholdsvis få kilometerane etappene var delt inn i, og det gjekk lang tid mellom måltida. Det var difor godt å ankomme leiren for kvelden og sjå at telta var på plass og middagen venta.
 
P1090064
 
Sjølv om vi vart tekne godt hand om, var det ikkje alle som følte seg like friske og raske undervegs. Det varierte mellom hjertebank, diare, forstoppelse, kvalme, oppkast, forkjølelse og generell slapphet. Nokre av desse symptoma kom nok på grunn av høgda vi var i, men også Zanzibar fekk ein stor del av skulda for den dårlege allmenntilstanden. Eg var heldig og slapp unna denne elendigheta, og kunne difor nyte turen oppover mot fjellet.

Vi brukte totalt seks dagar på turen, så toppstøtet kom natt til dag fire. Vi gjekk då først til Kibo camp, 4700 moh. Her åt vi middag i femtida før vi la oss for å sove/kvile. Klokka 23.00 stod vi opp igjen, åt litt suppe og la i veg mot Uhuru Peak. Vi hadde då ei lang natt med 1195 forholdsvis bratte høgdemeter foran oss. Desverre førte også desse høgdemeterane til at store delar av reisefølget måtte kapitulere. Etter mange dagar med dårlege magar og lite næringsinntak, hadde no også høgdesjuka sett seg skikkeleg i kroppen. Eg var difor både imponert og skremt over kor langt folk pressa seg for å nå denne toppen. I sjutida kom eg, Ida og guiden Simon fram til Gilman’s point, 5685 moh. Ida hadde då trossa alle kroppslege signal, og sjangla seg oppover dei siste meterane. Herfrå tok ho følge med ein anna guide ned att, medan eg og Simon gjekk det siste stykket opp til sjølve toppen. Dette tok ca 1,5 time og var etter mi meining den finaste delen av turen. No var dei tunge oppoverbakkane bytta ut med blå himmel, solskin og ei fantastisk utsikt. Det var likevel eit skår i gleda at eg ikkje hadde dei andre å posere saman med på det obligatoriske biletet ved toppunktet. Turen tilbake til Kibo Camp var også litt spesiell. På vegen opp bestemte eg meg for å ikkje tenke på nedturen, då det føltes veldig langt, men her var det ingen grunn til bekymring. Etter ca 1,5 time med tilnærma springing var vi nemleg tilbake i Kibo Camp, litt sliten og veldig fornøgd!

P1110092 

  P1110097 
 
Bodil, Ida, Anne Marit og Hilde var derimot meget reduserte, så etter litt mat og pakking av bagasje fortsatte vi turen nedover mot lavlandet. Det var rart å kjenne korleis høgda hadde påverka kroppen, og godt å kjenne at den normaliserte seg når vi gjekk nedover. Vi brukte no to dagar på å følge Maranguruta ned att, og fekk på denne måten også sett fjellet frå fleire kantar. Her var det duka for ein storslagen avslutningssermoni med sang, dans, diplomar, hawaiblomster og øl. Vi samla også saman ein del kle og utstyr som vi gav til bærarane. Det var fint å kunne gje noko tilbake til dei, og det var tydeleg at dei hadde god bruk for de

IMG_0837

Sidan vi berre hadde brukt fem dagar på turen, fekk vi no to netter på Capricorn Hotell. Her slappa vi av, åt god mat og lada batteria før vi reiste på safari.

4 kommentarer:

  1. Utruleg flott Lina!!! Det er kjekt å lese og du er flink til å beskrive situasjonane - godt jobba!

    SvarSlett
  2. Gratulerer, Topp-Lina!
    Men så må du komme deg tilbake på post og passe på "tvillingene" mine videre på turen! Hils og si jeg tåler en mail.........

    Supermasse lykke til videre, all Three Travellers!

    Hilsen Siri-Mam

    SvarSlett
  3. Godt jobba Lina:) Lykke til videre på turen:) Hilsen Kjell-Atle

    SvarSlett
  4. Gratulere med toppturen:-) Så arti å oppleve. Ser ut til at dere koser dere maks, ikke misunnelig i det hele tatt. Har det fint i Bø med snø, ok temp og sol:-) ;-)

    God tur videre:-) Kos dere:-)

    Line

    SvarSlett