fredag 7. januar 2011

Tre norske jenter havnet midt i politisk opprør i Arusha

Innlegg skrevet 05.01

I dag fekk vi også oppleve ei anna side av Afrika. Bussturen til Arusha gjekk veldig bra, og vi vart igjen møtt av mange hyggelege Afrikanarar når vi kom til Tanzania. Etter å ha innstallert oss på hotellet, tok Kilimanjaroguiden vår oss med ut for å ete. Då vi sat i taxien tilbake til hotellet igjen høyrde vi plutseleg høge smell og såg folk som sprang i gatene. Vindua vart raskt lukkka igjen og stemninga i bilen var spent. Då vi kom til hotelldøra vart vi raskt tatt innforbi dørene. Døra og inngangspartiet er av glas, så her stod folk klistra for å få med seg det som skjedde. Dette var openlyst ei stor "happening". Alle saman lo og tok bilete av det som skjedde, og vi skjønte i grunn ingenting. Vi vart etterkvart forklart at det hadde vore eit viktig møte med ein presidentkandidat i Arusha i dag, og dette hadde ein samanheng med det. Opptøyene starta med at politiet brukte varselskudd for å prøve å spre folk og avbryte møtet. Vi vart tatt med opp på taket av resepsjonsdama for å få bedre utsikt. Ho sa heile tida "don't worry, It's not dangerous!" mens ho smilte og lo. Så vi lot oss rive med og fulgte etter. Då vi nerma oss taket vart smella kraftigare, og det føltes tryggast å trekke ned igjen. Enda forstod vi ikkje kva desse smella eigentleg var for noko, særleg sidan folka ikkje reagerte med frykt.
Når vi kom ned igjen forstod vi at det var politiet som brukte tåregass for å få folk vekk. Gata utanfor hotellet hadde no utvikla seg til å bli ei scene frå Dagsrevyen. Med stein i hendene storma folket forbi inngangsdøra vår, mot politiet som stod lenger opp i gata. Etter ei stund kom dei springande tilbake, då med tørkle foran ansiktet for å unngå den verste gassen. Heile tida høyrde vi høge smell frå alle kantar. Også vi fekk oppleve virkningane av tåregassen, då den raskt trengte inn på hotellet. Lukta var stramt, det svei i halsen og i fjeset, og tårene pressa på.
Etterkvart verka det som folka på hotellet begynte å sjå alvoret i situasjonen. Ingen av dei hadde opplevd noko liknande før. Det gjorde inntrykk på oss å sjå korleis dei ansatte på hotellet gjekk frå å le og ta bilder av situasjonen, til å bli bekymra og sinte. Vi hørte heftige diskusjonar på Swahili, og forstod at dette var noko som engasjerte. Dei begynte også å tenke på folk som ligg på sjukehus i nærheten, og kva tåregassen kan ha gjort med dei. For oss var det berre å vaske fjeset med vatn, men for folk med dårlegare helse kan det få større konsekvensar. Også det at ein ikkje får lov å ha slike møter og kunne meine det ein vil må vere frustrerande.
No har vi gått på rommet for å slappe av, men framleis høyrer vi stadig smell og enkelte sirener utanfor. Vi må likevel påpeike at sjølv om dette var ein alvorleg  situasjon, følte vi oss heile tida trygge. Folka her på hotellet er veldig hyggelege, og var flinke til å forklare oss kva som faktisk skjedde. No har vi fått noko å tenke på, og kan verkeleg sette pris på det politiske styresystemet i Norge.

(Bilder og film kommer ved bedre internettilgang. Naa er Line og Marie klare for aa dra paa safari sammen med Monica, Tore og Ingrid i morgen. Gleder oss ogsaa veldig til aa mote Eli Marie i Mwanza etter tre-dagers safari. Lina har startet turen til Kilimanjaro sammen med Bodil, Anne Marit, Hilde og Ida.)

1 kommentar: