lørdag 22. januar 2011

Roadtrip i Afrikas villmark

Etter den strabasiøse turen på Kilimanjaro, såg gjengen fram til rolege dagar i ein safaribil gjennom Afrikas villmark. Vi vart henta på Capricorn hotell fredags morgon, og turen gjekk så til Ngorongorokrateret og Serengeti før vi endte opp i Mwanza lørdags ettermiddag. Avstanden er forholdsvis lang, så her snakkar vi hurtigsafari og mange timar i bilen.  Men stemninga var på topp, forma var stigande og vi hadde Afrikas tøffaste safaribil!

IMG_2414

Sjølv om bilen var ei fryd å sjå på, skapte den og litt problem for oss. Det skjedde nemleg fleire gongar at vi måtte stoppe og skifte vitale delar. Heldigvis var guiden ein rutinert mekaniker, så vi kom oss alltid vidare før løvene oppdaga oss.

IMG_2452

 

 

 

 

 

 

 

Til tross for bilproblem og lange avstandar på kort tid, såg vi også mange flotte dyr. Her representert av løve, flodhest, sjiraff og sebra.

IMG_1015   IMG_1154  

IMG_1191   IMG_1206

På denne turen skulle vi ha billigaste overnattingsform. Så vi var mentalt forberedt på å tilbringe natta i eit trangt telt midt i ødemarka. Derimot viste det seg at vi var dei einaste gjestane der vi skulle bu, og fekk difor sove i luksusutgåva av eit telt. Det vil sei dusj, do, trippelseng, tak og veggar. Fantastisk!

IMG_1073   P1150204

2 kommentarer:

  1. Savner dere!! Det har plutselig blitt veldig tomt her.... (Men må jo innrømme at jeg får gjort litt mer nå som Andreas og jeg er aleine igjen..) Kos dere på Zanzibar!

    SvarSlett